Rekneskap
Administrasjon
Rådgjeving
Ask Administrasjon AS tilbyr rekneskapstenester, administrative tenester og rådgjeving til små bedrifter. Som godkjent rekneskapsselskap er vi med i Regnskap Norge og Norges Bondelag.
VÅRE TENESTER
  • Bokføring/bilagshandsaming
  • Betalings- og fakturatenester 
  • Lønsarbeid 
  • Avstemming
  • Rapportering (inkl. MVA og A-melding)
  • Årsavslutning (inkl. Skattemelding)
  • Utarbeiding av administrative rutinar   
  • Prosjektleiing (t.d. ved nyetablering, omdanning og avvikling)
OM OSS
Ask Administrasjon AS er eit lite autorisert rekneskapsselskap som starta verksemda i 2020. Då vidareførte vi tenester for norsk landbruk, som var starta opp i Agro Data i 1986. No tilbyr vi våre tenester til fleire og ulike bransjar.

Vi pliktar å vere ajour med kunnskap innan lover og forskrifter på fagfeltet. Vi vil levere tenester som gjer at du kan få mest mogleg nyttig informasjon til beste for bedrifta di.

Vi er medlem i Regnskap Norge og har samarbeidsavtale med Norges Bondelag. Vi deltek på deira kurs og seminar for å vere best mogleg fagleg oppdaterte.

Rekneskapsbransjen er i ei rivande utvikling, og vi er opptekne av å ta i bruk dei siste og mest effektive metodane for å gjere ein nøyaktig og god jobb.
TILSETTE
Ragne Ørstavik Sørheim
Dagleg leiar og statsautorisert rekneskapsførar
Ragne har master i styring og leiing. Ho har lang administrativ røynsle frå offentleg og privat verksemd.
+47 406 32 752
ragne@askadmin.no
Gry Olsson
Statsautorisert rekneskapsførar
Gry har Bachelor i rekneskap og revisjon, og har arbeidd med rekneskap sidan 2019.
+47 450 66 021
gry@askadmin.no
Yngvild Sørheim
Rekneskapførar
Yngvild har m.a. studert matematikk og har arbeidd med rekneskap sidan 2019.
+47 458 34 412
yngvild@askadmin.no
Ann Nduta
Rekneskapskonsulent
Ann har Bachelor i rekneskap og revisjon, og har arbeidd med rekneskap sidan 2023.
+47 466 29 493
ann@askadmin.no
Tjalve Sørheim
Rekneskapmedarbeidar
Tjalve jobbar deltid i kombinasjon med å vere bonde. Han har mange års erfaring som lærar.
+47 979 50 895
tjalve@askadmin.no
Ann Barbra L. Holmeide
Administrasjonskonsulent
Ann Barbra har vore tilsett sidan 2024.
+47 975 49 888
annbarbra@askadmin.no
TILPASSA LØYSINGAR
Vi nyttar Tripletex som rekneskapsprogram. Det gjer at vi kan jobbe raskt og effektivt, samstundes som vi leverer tenester av høg kvalitet. Som kunde kan du få løysingar som er tilpassa dine behov. Om du vil, kan du få alt i skya eller alt på papir, - slik det passar best for deg. Vel du ei skyløysing, kan du logge deg på kvar og når du vil, også med mobil. Programvaren skal gi deg tilgang til ei komplett økonomistyring.
Pålogging til Tripletex her:
KONTAKT OSS
Ask Administrasjon AS
Hamnegata 20, 6100 VOLDA
Org. nr. 823 844 492 MVA
Bankkonto 3991.11.95406 
+47 70 23 98 70
post@askadmin.no